torsdag, november 21, 2013

Dagbok 2013: 21.november

Klokka er 17.20, temperaturen ute er + 2 grader og det har vore ein fin dag, opplett og relativt lettskya. Bildet over er tatt ca klokka 14. Det blir litt mørkare enn det eigentlig var når ein retter kamera mot himmelen.
Vi var relativt tidlig oppe i dag, for Nils hadde avtalt med Mathias at dei skulle ut og fiske. Dei fekk rikelig med halvstor sei, så begge vart godt fornøgde. Nils var heime før klokka 12.00.
Mens han var vekk gikk eg her og smårydda som vanlig, og så sette eg meg til å feste trådane på alle lestane eg har strikka. Eg hadde berre strikka i veg og vissste ikkje kor mange lestar det var blitt, men det var altså 12 par, dei fleste i herrestorleik. Nils måtte svippe meg ned på garnbutikken så eg fekk tak i meir garn, skal strikke nokre par til. Synest det er greitt å strikke lestar, for det kan eg gjere i halvsøvne om så er. Dessutan er det greitt når eg ikkje kan sitte så lenge om gongen, det har eg ikkje rygg til. Dumt å begynne på store arbeid når ein ikkje veit om ein kan fullføre.
Før middag gikk eg ein tur rundt Storebakken,med broddar på skona. Best å ikkje ta sjanse på knall og fall, eg er eit år eldre enn i fjor! 
Vi drakk kaffi då Nils kom frå sjøen, og no er vi nettopp ferdige å ete middag, kokt sei sjølvsagt. Og så er det kaffi igjen! Nils mel kaffi på den nye kverna som han fekk til fødselsdagen, og det luktar godt.

4 kommentarer:

solveig sa...

Håper og trur at kaffien vert god! Det gjeld å fine høveleg styrke.

Besta sa...

Ja, han jobbar med saken, og eg synest kaffien er god.

Hildegard sa...

Tykkjer de er blitt avanserte i kaffivegen no.

Besta sa...

Ja, her har vi mykje utstyr, men drikk faktisk ikkje så mykje kaffi.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...