fredag, november 22, 2013

Dagbok 2013: 22.november

Ungdomsbilde av Rolf.

Klokka er 16.30, temperaturen ute + 3grader C og det er overskya.
Det er nesten heilt mørkt ute, så ein skulle tru det var langt på kveld, men vi har ikkje ete middag enno. Må vel gjere eit dykk i frysaren og finne eit kvart.
Nils har brukt mykje av dagen til å filetere fisk etc. mens eg har gjort litt husarbeid. Det blir ikkje så mykje som eg ønsker, for den ryggen min er ikkje heilt god. Har no strikka litt også. Har ikkje planar om å gjere så mykje "til jul", så det er ingen ting som hastar.
Reknar med at det blir mykje TV i løpet av kvelden, det er sjeldan eg ser TV før klokka 19.00. Har ikkje sett sjakk i det heile tatt, men det var no kjekt at Magnus Karlsen vann. Når nokon seier at NORGE vann, så er eg ikkje med på det. Har så vidt kunna å spele sjakk ein gong, men det er veldig lenge sidan.
I dag fyller Rolf, bror til Nils, 72 år og vi gratulerer.
Det er i dag 50 år sidan mordet på Kennedy, og eg hugsar dagen som om det var i går. Vi budde i kjellarleilegheita vår på Raudeberg.Eg sat på golvet og leika med Solveig, som låg på eit teppe, 4-5 mnd. var ho då. TV hadde vi sjølvsagt ikkje, men radioen stod på og det var der dei sa kva som hadde hendt.Det gjorde stort inntrykk.
Og så ønsker eg alle ei GOD HELG !

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Svein og eg har også minner frå denne dagen. Han var med Johan Holst til Oslo med ein BP-tankbil som skulle til reparasjon på Økern. Gamle Strynefjellsvegen var open, men det var vanskelege føreforhold med snøfonner i vegbana (før tunnellane var bygde). På heimvegen, var Strynefjellet stengd, så dei måtte køyre via Åndalsnes. Då dei kom til Volda om kvelden, fekk dei vete av ein kjenning at Kennedy var død. Eg hugsar også hendinga godt, gjorde sterkt inntrykk på oss alle heime i Torvika. Eg gjekk siste året på gymnaset, og kvelden etter var vi på "grisefest" for russen på Yris hotell. Utruleg at det er 50 år sidan.

Besta sa...

Ja, tida går så alt for fort-og verre blir det. Eg føler meg somme tider som ei levande historiebok, hugsar 70 år tilbake i tid.
At vi hugsar så godt mordet på Kennedy kjem vel også av at vi ikkje fekk så mange inntrykk kvar einaste dag. No er det som om eine katastrofen avløyser den andre.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...