Klokka er 18.00, temperaturen +2-3 grader C, og i dag har vi hatt både regn, vind og hagl. Det friskar opp.
Nils var på skogstur tidlig på dag, og etterpå var vi ein tur nedover. På Amfi var det ikkje så mykje nytt å sjå, så vi handla mat m.m. på Rema 1000 i dag, og litt på Spar. Elles var vi ein tur på Gåvebuda i gågata, der er det veldig mykje fint. Viss ein er på jakt etter fine julegåver er Gåvebuda staden. Dessverre er det mange tilreisande som ikkje tek turen opp i gata. Eg skulle ha berre noko lite i dag, men nytta høvet til å sjå meg rundt.
Vi trefte sjølvsagt mange kjende i dag også, og det var herlig med skikkelig styggevêr, det har vi ikkje så ofte. Fekk litt frisk luft om ikkje anna.
Då vi kom heim, steikte eg 2 små pizzaer som vi kjøpte på tilbod. Og så vart det ei stund på sofaen med lydbok før vi drakk kaffi.
Altså har det ikkje hendt så mykje i dag heller, og det er kanskje like godt. No blir det stort sett å sjå TV og strikke resten av dagen/kvelden. Blir litt lurt av sviktande dagslys, så eg tek kvelden for tidlig !? Heiar på Eirik i "Skal vi danse".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Kjekt at Eirik vann "Skal vi danse". Eg har også stemt på han. Ønskjer dokke ein fin søndag og spanande cup-kamp for mannen i huset.
I fjor sat Rasmus og eg og såg cup-kampen på TV, mens Nils var i Oslo og såg den live. I år var det ikkje råd å få billettar, det er visst noko med at dei laga som kjem til cupen disponerer mykje av billettane. Sidan det var HØDD i fjor, fek mannfolka på Hareid sikra seg og sine.
Legg inn en kommentar