Klokka er 18.30. Temperaturen ute er minus 3,5 grader C; det har vore ein fin dag med tanke på vêret.
Eg hadde ingen andre planar for dagen enn eit tannlegebesøk, og det er ikkje det kjekkaste eg veit. Nils gikk ein tur etter frokost, eg las ut siste resten av boka mi, mens eg strikka. Så ringde telefonen, og dama fortalde at tannlegen var sjuk og timen min måtte utsettast til neste veke. Veldig barnslig å bli glad for noko slikt, men eg følte at eg fekk ein fridag. (Om lag som ungar reagerer dersom dei får fri på grunn av at læraren blir sjuk.) No er ikkje tannlegen alvorlig sjuk altså.
Vi måtte nyte "fridagen", men det vart berre ein Voldatur, der vi var litt rundt på butikkar, og etterpå åt middag på Landscape. I dag tok vi "Innbakt kylling". Den kinesiske dama som ekspederte oss sa: "Det har dokke tatt to gongar før, og ein gong tok dokke Chop Suey. " Ja, det stemmer nok det, men det er dei gongane ho har servert oss, vi har vore der fleire gonger. "Hugsar du alt, du?" spurde eg. "Ja, eg hugsar godt", sa ho og peikte på hovudet sitt. No må eg legge til at der er mange pensjonistar som et på denne kafeen, særlig på onsdagar då dei har ballj. (Klubb).
Eg hadde sett eit skilt med Fabrikkutsalg på, og ville sjå kva det var. Det var utsal for fabrikken Janus, som alle på min alder kjenner til. Men det var ein flott butikk! Der var ullundertøy i alle fargar og fasongar, til baby, barn og vaksne. Der var utrulig mykje fint i undertrøyer, som eigentlig er tynne genserar, longs, hettejakker, sokkar, hanskar osb. Eit Eldorado for dei som er på jakt etter fine og nyttige julegåver. Hermed anbefalt. Butikken ligg i Lothe-bygget, der glasmagasinet var før. Eg kjøpte meg ei lyseblå ulltrøye, eller "ull-Tskjorte " som somme kallar det. Nils fekk ikkje noko, for han har rikelig frå før. Prisane var "vanlige" om lag som på andre butikkar.
Var så vidt innom Amfi, der vi trefte Sissel frå Markane, blant andre.
Heime vart det ei lita kvilestund før vi drakk kaffi.
Eg leita fram dei gamle støvlettane mine i dag og Nils pussa dei til meg. Eigentlig skulle eg kjøpt nye, men eg vil ikkje kjøpe no og oppleve at dei kjem til halv pris rett før eller etter jul.
I morgon blir det ingen lapredag, for då skal Nils på sjøen om det går etter programmet, og då må eg også gjere noko til nytte.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
2 kommentarer:
Eg har slite ut eit par støvlettar, men har andre eg kan bruke fram til salet. Det er greitt å ha litt å velje i når ein skal på jobb. Eg likar hælar, men ikkje alle dagar.
Eg har mange par støvlettar. Det eg treng er eit par som eg kan gå tur i og elles bruke på snøføre, blant anna. "Bestestøvlettar" med hælar har eg-3par.
Legg inn en kommentar