torsdag, november 14, 2013

Dagbok 2013: 14.november.


Nils fyller 77 år i dag. Gratulerer !
Klokka nærmar seg 19.00 og Nils har benka seg framfor TV-en.
I dag har det vore overskya og stort sett opphaldsvêr i dag. Nils brukte myke av føremiddagen på å sage ned resten av grana på hushjørnet. Den vart planta til mamma sin 80-årsdag i 1988, men no var den ikkje så fin lenger. No kjem hageslangen og takrenna betre til sin rett-. Slik er det berre.
Her går ingen ting til spille, så også dette treet vart til ved i sekker. Berre baret blir kasta.

Mens han styrte på ute, laga eg ei kake, og vaska golva.Det er nokon som har antyda at eg vaskar støtt, det er ikkje tilfelle; eg vaskar 2-3 golv ein gong i veka. Grunnen til at eg vaska i dag er at eg skal på kafe i morgon, i lag med veninnene mine frå Velle. Den yngste av oss fyller 60 år i morgon.
Eg fann meg ikkje genser sist eg var i Volda, eller her i Ørsta. I dag var det halv pris på Møre konf., så eg måtte bort å kjøpe meg eit par stk. Eg brukar mykje genserar, og må ha nokre som ser såpass ut at eg kan gå "ut" med dei, for eksemper på kafe.
Vi handla sjølvsagt litt mat også,på Amfi, og då vi kom heim laga vi middag. I dag hadde vi noko som Nils likar godt, steikt kveite med heimelaga remuladesaus. Eg fekk lov å seie mi hjertens meining, og den er at eg likar i grunnen best sei!Etter måltidet slokna vi ei stund.
Noko feiring har vi ikkje hatt i dag, ingen vits verken med kake eller anna "godt" når bursdagsbarnet ikkje kan ete søtt.Vi tek det att på laurdag. Presang har han heller ikkje fått, for dei greidde ikkje å skaffe jakka han ville ha her nede. Men det kjem dagar etter desse.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Enig i at steikt seibiff m/løk er topp. Det hadde vi i går. I dag var det Bergens fiskesuppe med mykje godt i, bl.a. to seisider. Fekk besøk av Rannveig etter jobb. Vi har hatt Viktor hos oss i dag, han er i sitt niande år og er roleg og grei. Nils besøkte vi for 2 veker sidan. Gratulerer med dagen! Kven skulle tru at du er 77?
Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...