søndag, november 10, 2013

Bok nr.62 - 2013: Vi ses i morgen

Eg har høyrt denne boka som lydbok. Det er forfattaren sjølv som les heile teksten på stavangerdialekt, og han les fantastisk. Dette er den beste og mest gripande boka eg har lese på lenge.
Språket er ikkje vakkert i vanlig forstand, her er mykje banning og "stygge" ord, men forfattaren har nok funne fram til rette språket i det miljøet han skildrar. Eg har ikkje for vane å google bøker før eg les dei, men no var eg inn på nettet og kika, og boka har fått terningkast 6.
Eg er ikkje glad i uttrykket "white trash", men mange av personane i boka ville nok kome inn under denne kategorien. Det er folk som er småkriminelle og umoralske på mange måtar. Likevel blir ein på ein måte glad i dei, sidan ein også får vite bakgrunnen deira.
Eg vil ikkje skrive så mykje om kva boka handlar om, de kan lese på nettet om de vil. Eg likar best å ikkje vite så mykje før eg les. Eg vil anbefale denne boka på det varmaste. Den er på 16 CD-ar og det er ikkje ein for mykje.Og for all del: Høyr lydboka!

5 kommentarer:

Bjørg sa...

Eg kjøper den boka i julegåve til svigersonen min. Skulle få autografen hans på laurdag, men diverre kom det beskjed om at han måtte melde avbud.Så eg må vel kjøpe boka utan forfattarens si helsing.

Hildegard sa...

Dessverre går det lenge før nye bøker kjem som lydbok i biblioteket her. Renberg er eit populært intervju-objekt også. Las i Fylkesmagasinet no nyleg om ein "lesehest" som heiter Geir Hovind Frøysedal som sel brukte bøker i Volda. Har du vore innom butikken hans?
Eidabesta

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Besta sa...

Nei, eg har ikkje vore innom bruktbutikken. Eg har mange brukte bøker sjølv som eg gjerne gir bort. Kjøper sjeldan bøker sjølv, men brukar biblioteket. Dei er flinke å skaffe alt eg spør etter,, og sender melding på mobil når dei har noko nytt.

Hildegard sa...

http://fylkesmagasinet.no/?p=16678
Han tek kanskje imot bøker du vil bli kvitt? De vil nok ha mykje å prate om, vil eg tru...I 2009 las han 2000 bøker.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...