søndag, november 10, 2013

Dagbok 2013: 10.november = farsdag.

Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 2grader C. Når det gjeld vêr er dette årets verste dag. Den dagen då den første blaute snøen kjem og legg seg på marker og vegar. Grøss og gru!
Nils gikk ein tur på føremiddagen, men eg avstod og heldt meg inne. Eg gjorde unna litt "kontorarbeid" før eg fann ut at eg kunne lage ein kakebotn, og sidan bakebollen var nesten like rein og omnen varm, sette eg ein brøddeig i det same. Sidan dette var ein typisk "vere - heime -dag".Mens deigen heva seg hadde eg ein lang prat med ei veninne i telefonen. 
Noko feiring av farsdagen vart det ikkje i dag, men Nils og eg hadde ei lita "feiring" med kafebesøk i går. I morgon reknar eg med at Margrete kjem, så då får vi avtale neste familietreff. Barn og barnebarn har mange jern i elden, vi er nokså fleksible, så det får vere dei som bestemmer dag og tid.
Etter at vi hadde ete ein enkel middag, og drukke litt kaffi, blei det sofaen og bok for meg, TV-fotball for Nils. No har han funne enda ein kamp, så då kan eg lese bok og strikke. Heilt greitt for meg.Vi er fæle til å reke på kvardagar, så søndag blir gjerne den dagen vi held oss heime og sløvar.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser det er meir vinter hos dykk.

Hildegard sa...

Vi har ikkje fått snø endå, heldigvis, men det er vel like før. Her har både tobeinte og firbeinte vore innom og gratulert Besten med farsdagen, så det har vore livat. Enkel servering. Ønskjer dykk ei god veke!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...