Klokka er 20.00. Temperaturen ute er +2 grader C. Det har vore overskya heile dagen, men det letta litt utover ettermiddagen, og sola var så vidt framme. Ho er ikkje heilt vekke her hos oss enno.
Før middag var eg nokså flittig og fekk gjort ein god del husarbeid. Rydda, vaska, vaska klede etc.
Nils hadde tannlegetime klokka 12.30, og mens han var vekke "shina" eg opp meg sjølv, slik at eg var klar for å fare nedover då han kom att.
Var innom biblioteket og fekk med meg eit par bøker heim. Så reiste vi bort på Skeidar for å sjå etter to ting. Der borte hadde dei pynta til jul og angen av "duftlys" låg i lufta. Vi skulle ha ei bilderamme i gullfarge eller brunt tre. Men når det som er moderne er sølv/stål-farge og svart, så vart det eit umulig prosjekt. Eit lite "avisbord" har vi heller ikkje lukkast å få ta i. Slik er det, det bugnar av varer, men ein finn ikkje alltid det ein er på jakt etter. Vi stakk innom El-kjøp og handla eit kilo med heile kaffibønner-produsert i Italia (Ja, dei hadde vel fått dei frå eit anna land, då). Kortreist kaffi er uansett ikkje eit tilgjengelig produkt.
Sidan eg skulle ha noko medisin, var vi også innom Amfi. På Coop kjøpte vi oss litt potetsalat, såpass vi kunne ha "Tapas" til middag i dag. Nils fekk spennande spekepølser av Margrete til farsdag. Etter to dagar med julemat, måtte vi kvile magane. Og i morgon blir det endelig FISK igjen.
Etter ei kvilestund på sofaen har eg no strikka ferdig enda ein lest mens eg har rippa to bøker inn på maskina og høyrt lydbok på MP3-spelaren. Multitasking er tingen for "travle" pensjonistar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026 : 7.oktober
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar