tirsdag, november 26, 2013

Dagbok 2013: 26.november


Klokka er 18.15, temperaturen ute er 8,5 grader C, og det er vått og grått.
Eg er sterkt plaga med vond rygg, og ser ikkje bort frå at noko av skulda ligg på vêret.
I dag sette eg i gang med å steike havremakronar av deigen eg laga i går. Fann fram eit forkle med lomme, så eg kunne ha MP3 spelaren i. Då fekk eg lese bok til arbeidet, og då blei det ikkje så kjedelig. Men, som sagt, blir det ikkje mykje baking for min del. Skal lage Mor Monsen, for i fjor fekk eg tak i korintar etter mykje fram og tilbake, så då kjøpte eg dobbelt opp.
Etter baksten tok vi ein liten tur ned på Amfi, for å få litt mosjon- innadørs.Ute er det ikkje råd å gå. Vi trefte mange kjende,men handla berre mat.Ein liten tur på biblioteket vart det også.
Det vart restar frå i går til middag, og så var det berre å legge seg på sofaen. No har vi drukke kaffi og så må eg berre bestemme meg kva eg skal gjere vidare.Skal eg bake eller strikke?
Fekk bilde frå Rasmus i dag, dei hadde hatt besøk av fotograf i barnehagen til Ingar. Vesleguten likar å bli tatt bilde av, men så er han no berre nydelig då. Han er nokså nøyaktig 3 1/2 år no. Ser dei så altfor sjeldan.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det siste kan eg berre skrive under på! Og så er han like skjønn som bror min var - minst!

arieldog sa...

Dei bileta var fantastisk fine, og guten sjølv er ein storsjarmør.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...