fredag, november 29, 2013

Dagbok 2013: 29.november

Klokka er 19.00. Temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore vått og grått i dag også. Men slik er november, som regel.
I dag strauk eg og hengde opp julegardiner på kjøkkenet, så vaska eg golv, og så reiste vi til Vik.
Eg trong meir garn til lesteprosjektet mitt, og så var det litt anna småtteri. Mellom anna ville eg ha noko raudt å pynte opp juleantrekket mitt med, tenkte på raude øyredobbar og kanskje eit raudt skjerf. Øyredobbar fann eg på Bjørklund, skjerf var det verre meg, eg ville ha eit lite, men fann berre store, så eg trur eg får klare meg med det eg har.
Dei raude "rubinane" kosta under 150 kr så det får vere julegåve til meg sjølv.
Vi orka ikkje å lage middag i dag, så vi kjøpte berre med oss ein grilla kylling heim.
Det vart berre ei lita stund på sofaen i dag, for eg måtte skrive eit lite avisinnlegg.
No vil eg ønske alle ei god helg! Stress ikkje for mykje med jula. Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve enno, må først ha ein plan, elles blir det berre tøv.Viss ein veit kva ein vil ha, går det greitt å handle.
I dag var eg inn på julemessa på Ørsta Torg. Der var veldig mykje fint handarbeid til sals, men eg hadde ikkje kontantar. Det kan hende eg går inn att ein annan dag. Men å kjøpe strikka ting blir litt feil for meg.
 

2 kommentarer:

solveig sa...

Her er handarbeidsbutikk. Kari har fine løparar m.m. Strikke greier vi sjølve.

Besta sa...

Her var det mange morsomme revehuer (What does the fox say?), "lappe"-løparar, tova ting, strikka og hekla ting osb.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...