søndag, november 24, 2013

Dagbok 2013: 24.november

Klokka er snart halv seks. Temperaturen er så vidt over 0 grader, og det snødde nesten heile førmiddagen. Nils var ute og mòka, og då han hadde fått tune reint, kom plogen, og så var det ny omgang. Naboen har vore vekke i helga, og er på veg heim, så no er han der borte og skal sørge for at naboenm kjem seg inn på tunet. Hadde vi vore vekke, hadde nok einkvan mòka til oss også. Den eine tenesta er den andre verd.Misunner Nils mosjonen, men akkurat slikt arbeid må eg halde meg unna.
I dag fekk er føre meg at eg skulle pusse sølv. Det er to år sidan sist, og det meste har vore ubrukt denne tida. Eg oppbevarer sølvet i tette plastposar med "lås", så det var i grunnen like fint. Likevel pussa eg alt saman og la det i nye posar. At eg ikkje brukar sølvtøyet kjem av at eg har så rikelig med fint stålbestikk at eg brukar det. Då kan eg vaske det i maskina utan at det blir stygt. Då eg hadde pussa og vaska sølvtøyet, tok eg vaskane på kjøkkenet med pussekluten, og det var ikkje dumt !
Elles strauk eg litt klede etc.
Under fotballkampen sat eg med lydbok på øyret og strikka. Såg opp kvar gong det var mål. Kjekt at Molde vann, men det "visste" eg på førehand, akkurat som eg visste at Hødd kom til å vinne i fjor. Eg trur eg er litt synsk.?
Men eg fikk aldeles tullfliren då eg såg RBK- supportarane, noko så surt og trist. Dei skulle skamme seg ! Det er mange tragediar i verda for tida, og det å tape ein fotballkamp er ikkje ein av dei.
Til middag i dag vart det steikt sei, men no vil Nils ut med liner så snart det blir vêr til det, for vi manglar lange. Har berre litt kveite og sei i frysaren for tida.
I dag har vi ikkje kvilt middag, så eg trur eg må fylle på med litt meir koffein. Har no kaffimaskin også.
I dag er det Erlend sin fødselsdag, og ein månad til julaftan.Neste sundag er det 1.sundag i advent, eg har allereie lagt på eit par lilla løparar, for å ha dei ei stund før det blir tid å pynte til jul.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Roleg helg her, vakkert ute med nysnø. Oserane har vore på Bergenstur, vel heime igjen i kveld. Håper de fekk med dykk TV2 "Det norske måltid" frå Solund. Ha ei fin veke!

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Besta sa...

Nei, det programmet har vi ikkje sett. Vi ser mest på NRK 1. TV2 programma får vi vel ikkje sjå på data heller, så eg får sjekke om det går i reprise.

Dagbok 2024: 20. desember

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...