tirsdag, september 24, 2019

Dagbok 2019: 24.september



Klokka er 17.05, temperaturen + 15 grader og vi har hatt enda ein nydeleg dag. Dvs. det var litt skodde i morgontimane, og at det er nattekaldt er lett å forstå når ein ser kor mykje dogg det er -i graset og på bilen.
I dag var eg tidleg oppe, for å vere sikker på at eg var i bra form til treningstimen klokka 9. Det var eg som køyrde i dag, og etter treninga var vi fram på Askjellhaugen, eg hadde med ei saks så eg fekk klipt litt av graset rundt steinen, men eg skulle hatt litt meir verktøy for å ta bort grastuene. Kunne tenkt meg å hatt litt pyntestein nærmast gravsteinen. Eg får sjå til våren.
Eg er i bra form i dag, men arbeidslysta har ikkje meldt seg for fullt. Så i staden for hagearbeid då eg kom heim, laga eg middag og åt. I dag vart det steikt ørret med spagetti til. Eg blei veldig mett, så eg la meg ut på solsenga med lydbok. Kor mykje eller lite eg sov , veit eg ikkje, men for sikkerheits skuld las eg om att heile "plata" mens eg strikka litt på ein lest.
Men før eg kom så langt tok eg ein liten tur i hagen, utan at det vart gjort så mykje.
Eg var på veg ut for å ta bilde, då Marit U kom og spurde om dei kunne få sjå TV hos meg i kveld, sidan "Åndenes makt" skal vere på Svendsengarden denne gongen. Dei får ikkje inn TV Norge, av ein eller annan grunn. Jammen godt ho kom og minte meg på det, elles hadde eg gløymt det.
Eg reiste ikkje til Ulsteinvik i dag, han som eg skulle fare i lag med, reiste heller ikkje. Og i morgon blir det ikkje spansk. Eli skulle bort på sjukehuset og kom til å bli der lenge. Eg trur ikkje ho skal operere kneet i morgon, men det er vel diverse undersøkelsar på førehand.
No skal eg ut å prøve å ta bilde igjen, har problem med utebilda, inne går det betre.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...