torsdag, september 26, 2019

Dagbok 26.september 2019



Klokka er no 17.50, og temperaturen på trappa er + 16 grader. Det har vore enda finare i dag enn i går. Ikkje tåke på morgonkvisten i dag.
Døgnet starta litt pussig. Ikkje før hadde klokka passert midnatt, så vart det brått mørkt, dvs. elektrisiteten forsvann. Det kan godt hende det var varsla, men det hadde i alle fall gått meg hus forbi. Eg stressa litt med å finne stearinlys, lommelykt etc. Og så var det no berre å legge seg. Eg slo av nettverket og TV-en med hovudbrytar, for eg ville ikkje ha meir tull, og slo av alt lys som eg trudde stod på. Eg sovna ganske fort, men vakna opp klokka 2, då hadde straumen kome tilbake. Eg verkte slik i armane at eg måtte stå opp og flakse litt før eg prøvde å sovne igjen. Og så slo eg på nettverket igjen, så det skulle vere klart. Eg sov uroleg resten av natta, men det var fordi eg verkte i nesten heile kroppen. Då morgonen kom stod eg opp til tross for smertene, og fann ut at eg fekk berre prøve å leve med dei. 
Begynte forsiktig med støvtørking i stova og anna lett arbeid. Så fann eg ut at eg kunne vaske stoveglasa utvendig og spyle altanen mens det enno var fint vêr. Og det gjekk heilt fint. Etter ei stund merka eg at eg ikkje hadde særleg vondt lenger. Og det var no ei lette.
Eg har gått og fabulert om å køyre bort på VØR ein dag, men har ikkje kome meg til enno. Men i dag ville eg i alle fall køyre ein tur bort på Skeidar. Margrete sa at dei hadde så mykje fint inne no, og eg "treng" nokre nye pynteputer. Eg hadde eit ærend på ALTI også, og så kunne eg kanskje kjøpe bensin.
Eg er alltid så kjempelur når eg skal ut og farte. I dag for eg heimanfrå då klokka var vel 15. Halloo, kva tid er det mest trafikk mellom Ørsta og Volda? Men eg kan ikkje vere pyse heller, så eg for bort på Skeidar, som ligg ved flyplassen, og der er det ei utfordring med å komme seg inn på vegen, i begge retningar. Men det gjekk heilt fint, og etterpå var eg gjennom rundkøyringa to gonger, i full trafikk. Dette er sånn liksom "Lærekøyring" med meg sjølv. Eg merker meg viss eg gjer noko feil, men i dag var eg nokså nært feilfri. Eg kjøpte meg forresten ei oransje pute til å ha i sofaen, og når eg kjem meg på blomsterbutikk skal eg kjøpe to oransje eldtoppar. Deretter blir det lilla og advent. 
I dag var det eit stort helikopter som svirra rundt opp mellom fjella og leitte etter Maya. Erik kom akkurat heim, då fortalde han at Linda hadde vore med og leita i fjor; dei er begge to medlemmer i Røde Kors.
I morgon har eg ikkje andre planer enn at eg skal vaske litt, sidan det er fredag. Det er med vilje eg latar meg for tida, i håpet om at eg skal sleppe å verke så mykje.
Og i kveld får eg tak i fredags-sudokuen på nettet i 11-tida, så får eg begynt på den.
Har prøvd storytell på mobilen, men eg får ikkje opp lyden såpass at eg høyrer skikkeleg, så her må det forskast.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...