fredag, april 09, 2010

Vermelding 9.april 2010

Klokka er 14.45, temperaturen +11 grader C. Det har regna så smått heile føremiddagen, men akkurat no kom sola fram.Bildet er tatt frå parkeringsplassen ved Amfi.

Vi har vore på møbelhandel i dag. Har bestilt oss sofagruppe 3+2 i Ekornes Stressless. Dessutan hjørnebord og sofabord i eik. Dei gamle møblane skal få bli med til Kongsberg. Vi hadde eigentlig tenkt å kjøpe Ekornes Stockholm, men der var så lang leveringstid på den.Den vi skal ha, fekk vi 11000 kr i avslag på sidan det var ein utstillingsmodell.Borda hadde dei ikkje på lager, så vi får ikkje møblane før neste veke.


2 kommentarer:

solveig sa...

Fine møblar! Lurt å sjekke leveringstid, ja. Eg hugsar den sommaren vi kasta gamlestolane før vi for på møbelbutikk. Det vart fleire veker utan godstolar. Vi tok vel hagestolane inn ...

Besta sa...

Møblane vi kjøpte vart 10 000 dyrare enn Stockholm,sjølv om vi fekk dei 11000 under listepris.- Ein kan legge ryggen bakover m.a.
Dei var veldig gode å sitte i. Eg seier til Nils at eg betaler med pengane eg sparer på å ikkje ha eigen bil. Det neste blir vel at vi må ha stereobenk også i eik. Det har lag å balle på seg.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...