torsdag, april 08, 2010

Vermelding 8.april 2010

Klokka er 11.00. Temperaturen + 11 grader C og sola skin. Som de ser ligg der enno ein klatt snø att på hustaket til naboen.


Nils for på sjøen i dag, lenge før eg var oppe, og kom heim med rikelig fisk; eit par lyrar og resten sei. Lyr fekk han på snik, seien på snøre/ snelle. Han tykte nesten det vart for mykje å filetere.

Eg har vaska ein del kjøkkenskap m.m. for å gjere litt til nytte. Gjer eg litt kvar dag, blir eg vel ferdig ein gong. Men no skal eg ut i sola og flytte på litt snø..............

Svigerinna mi i Solund har fødselsdag i dag og vi gratulerer.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Litt av eit arbeid både å fiske og rense så mykje fisk. Her går det i bad og barn. Eg har vore ute og raka litt i hagen, herleg å kjenne at våren er komen. Har vore til tannlegen - null hull - men
kr 800,- takk! Det er vel berre Venstre som har gratis tannbehandling på sitt program?
Besta

Besta sa...

Eg har vore ut og spada og raka i snøen for å framskunde smeltinga.Det tinar no litt om senn , men det går ikkje fort dersom snøen er moka opp i dungar. Vi er glade for at vi gjorde så mykje i hagen sist haust, for våren blir kort!
Ja, tannlegane tekmseg godt betalt, det er dyrt berre å gape opp.......
Men om ein får innført gratis tannlegebehandling, så må vi vel betale det på ein eller annan måte uansett?

solveig sa...

Pappa har no arbeid ei stund der, men så er nok han no nesten proff - om ikkje heilt!
Sist eg var hos tannlegen fekk eg mykje att for pengane, vekk med tannstein og plommebelegg. Eg såg ut som ei heks i munnen etter plommesesongen. Første gong eg har sett fram til eit tannlegebesøk!

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette var litt av ein fangst!
Eg har også tenkt på å få brukt opp finullgarnet mitt. Tenkte å bruke samme mønsteret, men med dobbelt garn. Gler meg forresten til å sjå igjen Ronille-garnet mitt!!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...