onsdag, april 07, 2010

Vermelding 7.april 2010.

Klokka er 16.00 og temperaturen +6 grader C. Det er overskya og lett regn.

Nils har styrt med diverse ute f.m. mellom anna flytta han på snø.Viss de ser godt etter, kan de sjå at tulipanane har begynt å spire i beddet.Under det tjukke snølaget står nokre små, blå blomster og ventar på å få kome opp. Snøsmeltinga går fortare når ein hjelper til litt.
Eg har vaska litt skuffer og skap i dag, og no skal eg feste trådar på dei nye vad-vottane, så kan Nils ha dei på seg viss han fer på sjøen i morgon.Vi skal reise til Kongsberg den 16., så då eg det kjekt å ha med litt fisk.Ja, vi treng no fisk sjølve også.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Ser at snøen ligg endå langs vegen. Her er det berre litt igjen etter takrasa på vestsida.
Litt av ein snøvinter for dykk.

Besta sa...

Ja, det er liksom ikkje måte på, og her på Vallabøen er det verst. Har ein haug nedanfor huset som er nærmare to meter høg!

solveig sa...

Våren kjem til å kome fort no når det først tek laust!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...