torsdag, april 22, 2010

Så langt kom vi.

Sofaane kom i heila så dei var greie. Hjørnebordet vart lett og fort montert, men så var det salongbordet.Det hadde fått ein kakk såpass at ei lita flis hadde falle ut av underhylla. Dermed vart det ein tur på Møbelringen igjen. Ikkje noko problem å få ei ny hylle, men det tek litt tid, og det er ikkje lurt å montere bordet utan hylle, sidan det skal limast litt både her og der. Sidan vi likevel var der borte, kjøpte eg nytt TV-bord i eik og glas. Det gamle tek litt for mykje plass. Men det gamle furubordet skal få ein ny og god heim, så det er ingen fare.

7 kommentarer:

solveig sa...

Typisk!

Besta sa...

Når vi får mindre TV-bord, reknar eg med at vi kan bytte om på sosaane. Trur det blir betre. Eirik skal få det gamle TV-bordet.

Hildegard sa...

Gratulerer med nye møblar! Alltid eit kvart, skal ikkje vere enkelt.

Besta sa...

No har Nils begynt på montering av den nye TV-benken. DET er vanskelig det! Det er sjølvsagt sofaane som skal bytast om, ikkje sosaane. Idiotisk med skrivefeil ein oppdagar for seint.
Elles må eg fortelje at sofaen er veldig god å sitte i og ryggen kan leggast bakover som på ein Stressless-stol, men ikkje SÅ mykje.

Bjørg sa...

Gratulerer med nye møblar!
Høyrest gode ut.
Vi er no i Larvik. Køyrde same vegen som de. Vi køyrde i Rukkedalen forbi Langedrag. Det er truleg litt lenger. Vi brukte 6 timar, så det er mykje kortare enn over Strynefjellet.

Besta sa...

6 timar? Det er ikkje mulig.Vi brukar no mykje lenger tid enn det til Kongsberg. Vi køyrer om Gol-Nesbyen-Vikersund-Hokksund. Vi tek ein litt lang pause på Gol eller Nesbyen og kanskje eit par småpauser, gjerne i samband med ferjeturar om det høver slik.Hels til Elin.

Bjørg sa...

Beklager, skrivefeil. Det skal vere 9 timar.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...