tirsdag, april 27, 2010

Vermelding 27.april 2010

Klokka er 14.20. Temperaturen ca + 7 grader C. Det er lettskya, og sola er framme litt av og til.Det er for kaldt å kose seg ute, men mange av naboane syslar både med hus og hage. Nils er framleis forkjøla, så det blir ikkje så mykje utearbeid med han. Føremiddagen i dag gikk med til handling og diverse andre ærend som vi berre måtte få gjort. Vi har ete tidleg middag i dag også. I dag vart det lettsalta sei som eg kokte i ein kvit saus med paprika, kvitløk og purre. Når det gjeld sei, er det berre fantasien som stoppar ein. Sei kan brukast på uendelig mange måtar.
Eg har fått utsett Ålesundsturen med veninnene; ikkje at eg er særlig forkjøla, men det verker i det meste av kroppen. Kom mai du skjønne milde !!!!!!

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest eg høyrde nokon seie at det er påske på denne tida neste år?

STRIKKEMOR(O) sa...

Nei, det er ikkje Ronillegarnet, men eg kunne nok ha brukt det også til dette skjerfet. Trur eg må hekle fleire sånne. Takk for at du tok med garnet til Eid, forresten!

Besta sa...

Ingen ting å takke for, det gikk for det samme.Det såg kjekt ut å lage skjerf, men eg har nok skjerf, går ikkje så mykje ute, veit du. Lykke til på søndag.

Hildegard sa...

Ja, enig i at seien har mange mulegheiter, har mykje smak.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...