lørdag, april 24, 2010

Vermelding 24.april 2010

Klokka er13.00. Ute er det overskya, opphaldsver og +10 grader C. Det er ganske kaldt å vere ute,faktisk.Nils har sådd grasløk i dag og spadd litt i den snøen som ligg att etter siste snøfallet.Den "gamle" snøen er det naboen som eig.
Nils er forkjøla og hostar, men har vore på apoteket og fått seg hostesaft. Eg har laga betasuppe som vi skal ha seinare i dag, etter ballettframsyninga. Har invitert Margrete & Co på middag.
Det er berre jentene som skal danse i dag, dei har delt programmet i to så det ikkje skulle bli så altfor langt. Flaks for meg som har problem med å sitte så lenge.Det kjem vel ymse innslag frå framsyninga på andre bloggar.Det er ikkje lov for publikum å fotografere under programmet.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg ser at pappa vil ha vår!
Eg forstår at det vert innført foto og filmforbod ved enkelte høve.

Dagbok 2026: 3. mars

 Klokka er no16.25, ute regnar det og teperaturen er ca 4graderC, det er eit kjedelig ver, men vi har hatt så mykje fint ver denne vinteren ...