mandag, april 12, 2010

Vermelding 12.april 2010

Klokka er 11.20, temperaturen + 13 grader. Det er lettskya og delvis sol. Då vi stod opp var det sol frå klår himmel, men etter kvart har det kome nokre skyer. Det er også litt vind, noko som er bra for snøsmeltinga.
I dag har eg valt å ta eit bilde utan snø, for å vise at det tross alt er håp om vår her også.

I dag fyller svigerinna mi i Gulen 75 år, og vi gratulerer. Svigermor hadde også fødselsdag denne dagen. Ho fekk første barnet  på 27-årsdagen sin.

4 kommentarer:

Bjørg sa...

Så fint når krokusen kjem opp! Du har visst ei lun krå der.
Eg må tilstå at eg har teke kopi av fiskekakeoppskrifta di. Dei såg fantastiske ut dei fiskekakene!
Hans fekk to små torskar på laurdag. Han har sterk lyst på fisketur. Eg seier vi må ete opp fisken i frysaren først, men det må eg visst snart gje meg på.

Besta sa...

Nils gav bort den "gamle" fisken, og fiska ny til oss.

Hildegard sa...

Gratulerer med svigerrinna, skal leggje henne inn i slektstreet.

Hildegard sa...

Uff. Det vart visst ein r for mykje.
Kanskje eg skulle tatt med ef. til AM og R+M og sv.foreldre - kan du sende meg datoar?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...