mandag, april 12, 2010

Destinasjon Runde.

Det var så nydelig ver i dag f.m. at vi fekk lyst på ein tur ut til HAVET, og vi er ikkje seine med å hive oss rundt når vi først bestemmer oss. På bilturen utover rekna eg raskt ut at eg ikkje hadde vore på Runde sidan 1982 (?) då vi dreiv lærekøyring med Rasmus. Vi køyrde til enden på vegen, meiner det heiter Goksøyr der-der var i alle fall noko som heitte Goksøyr Camping. Dette bildet er frå vegens ende.Veret var ikkje så fint som då vi reiste heimanfrå.
På Runde har dei bygt opp eit stort miljøsenter. Der består av to delar bunde saman av ei gigantisk trapp m.m. Det ser ut som om eine delen skal vere utleige-leilegheiter og den andre delen kafe, kontor etc.Der var ikkje ope, så vi kom ikkje inn.Reknar med eg kan finne meir om dette prosjektet på nettet.
Du kan lese om senteret her.http://www.rundecentre.no/
Her kan du sjå mange flotte bilde frå øya også.Sjekk bildegalleriet.
På heimvegen var vi til byen Fosnavåg, der vi fann ein kinarestaurant og kjøpte oss lunsj. Det er den mest smaklause  kinamat eg nokon gong har ete. Det var kylling i karrisaus; det smakte karri. Punktum. Måtte både salte og pepre for å få litt smak på. Eg var så vidt innom ein butikk og gløste, utan å kjøpe noko. Men så viste det seg at Nils hadde planar, og fekk leita opp butikken til Dyrkorn. Dei som er inne i det veit kva det er: FISKEUTSTYR. Så då blei det handel:liner, onglar osb. Det var då eg begynte å lure på om dette var den eigentlige grunnen til at vi var på tur.
At alt ikkje er like vakkert i byen, er dette bildet eit prov på. Eg knipsa det utanfor Dyrkorn -butikken. Minte om Sibir.
Det var ikkje så kjekt å køyre gjennom Eiksundtunnelen i dag, der var mykje eksos.
Då vi kom heim til Ørsta regna det her også. Heldigvis. Så gjekk vi ikkje glipp av noko.

6 kommentarer:

Gjengen framma dala sa...

Ja du skal sjå han far hadde ein skjult agenda med turen du!

Kjekt med ein tur i allefall, sjølv om veret vart noko grått. Eg har vore på "kafè" på terrassen hos pappa og Laurits. Skulle kose oss med Westre-padde og kaffi, vart både grått og kald vind etter ei stund.

Håper det kjem fleire dagar med sol, det gjer så inderleg godt!

arieldog sa...

Kjekt med ein tur!

Hildegard sa...

Flott at de tek dykk turar i fineveret. Vakkert på Runde, mange år sidan vi var der, skulle hatt oss ein tur nord-vest-over igjen no når det vårast.

Besta sa...

Ja, de har vel ikkje vore gjennom tunnelen ein gong? Var det ikkje i Tjørevågen Svein jobba for mange år sidan? Dessverre var det slutt på godveret før vi kom til Runde, men for meg er det alltid ei oppleving å komme ut mot havet. MEN er ville ikkje budd der, det er lunare og finare inne i fjordane.

Bjørg sa...

Miljøsenteret på Runde er fint. Vi var der i sommar i 70-årsdagen til Sverre Paul Runde. Der var sikkert 80 gjestar. Dei sa at leilegheitene skal vere til forskarane som visstnok skal komme frå heile verda.
Kjekt for bygda Runde.

Besta sa...

Takk for orienteringa, Bjørg! Eg visste lite om dette senteret på førehand, no veit eg litt meir.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...