Klokka er15.30. Temperaturen + 13 grader C. Det er overskya, men opplett.
Har ikkje bilde å sette inn, for apparatet ligg til ladding. (Gløymde det i går.)
Nils for grytidleg på sjøen i dag. Han hadde laga til ei heilt ny line med store onglar og egna med makrell. Han var ute etter kveite eller store langer.Fangsten vart ikkje så veldig stor, men han fekk eit par fine langer; det er noko av det beste eg veit av fisk-lettsalta lange. Til middag i dag hadde vi kokt småsei, det har vi som regel kvar gong han er ute.No er han på plass i garasjen igjen for å skjere opp og filetere fangsten.
Eg har spyla sanden av gata nærmast oss og skal ut att og rake singel og snø frå plenane opp mot vegen. Gjer det eg kan for å hjelpe våren fram.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:23.november
Utsikt frå altanen k18-30 Kokka er18.30, temperaturen ute er minus 5 graderC og det er klarver (Det ka...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
1 kommentar:
Ein fin dag i dag både for fisking og hagearbeid. Det kan vere fint med ein tur over fjellet no mens de ventar på at snøen skal tine.
God tur og hels!
Legg inn en kommentar