søndag, april 04, 2010

Bøker frå Nordfjord.

Som eit apropos til Solveig sin informasjon om Singer, vil eg gjere merksam på Aud Hjelle si bok om sjukehuset på Eid. Der er bilde både av pappa og mamma, og Svein er med som informant. Vi har fått boka av Bodil og Svein.
Den andre boka fekk eg til fødselsdagen av nokre veninner. Det er ei nydelig bok med foto frå alle kommunane i Nordfjord. Mange fine bilde frå Eid. Men sidan det har vore ein del stoff om sjukehuset på bloggen i dag, tek eg med ei side der det er bilde av det nye sjukehus-tilbygget og bysten av overlege Wennevold; den første overlegen på Eid. Bildet skulle sjølvsagt ha vore skanna, men formatet på boka gjorde det vanskelig.
Denne boka er gitt ut på Selja forlag-eit forlag som har gitt ut mange fine bøker knytta til Sogn og Fjordane fylke, mellom anna kokebøker.

3 kommentarer:

solveig sa...

Informasjonen eg fann, var frå NRk. Selja forlag gir ut mykje bra!

Elin sa...

Lurer på om det er denne boka Audhild er med på eit bilete?

Besta sa...

Eg såg ei jente som reid på ein hest- ho likna på Audhild, og dyra til Frøydis var der.Skal sjå å ta nokre fleire bilde.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...