fredag, april 30, 2010

Vermelding 30.april 2010

Klokka er 12.30, temperaturen er + 15 grader C. Det er overskya, men sola er framme av og til.
Har prøvd å ta eit bilde av samme området som eg fotograferrte 29.april i fjor. Som de ser er det stor skilnad.Men snart er våren her for fullt, trur eg.I fjor hadde vi rett nok tidleg vår, men sommaren vart ikkje så fin. I år får vi håpe på ein nydelig sommar. Håpet lever.
Så vil eg håpe at alle som skal ha konfirmasjon komande sundag får finever på dagen. Då Rasmus skulle konfirmerast hadde vi kjøpt nye hagemøblar, men då dagen kom, snødde det. Så det har vore så ymse før også.

Nils fekk berre småsei på sjøen i dag, men så skal vi ha fersk småsei og lever til middag. Det er ein delikatesse for fiske-elskarar som oss.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg var konfirmert 30.april. Det var vel omtrent snø i lufta då og?

Besta sa...

Hugsar ikkje så nøye, men det har vore så ymse opp gjennom åra.

arieldog sa...

Det er greitt at vi hadde ein nydeleg føresommar i fjor, men hugs endeleg på at det snudde, og at det frå byrjinga av juli knapt var ein dag utan litt nedbør e.l.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...