lørdag, mai 01, 2010

Vermelding 1.mai 2010

Klokka er 13.00, temperaturen er + 10 grader og det er litt sol mellom bygene.
Nils har vore ute og gått i "tog"- toget blir mindre for kvart år, i år var dei 9 stk. i tillegg til musikken.
Mens han var ute og gikk, sydde eg falden oppe på gardinene med maskin, så skal eg falde nede med hand.
Då Nils kom heim, ringde han til mannen med kaninburet og vi for fram på Åmdalen og henta det.Det var ein hyggelig gammal mann, eit år eldre enn eg, som var glad i å prate. Buret var fint, og vi fekk ein liten sekk med kaninhøy på kjøpet. Det som står att er å gå noko på taket så det vert tett.
På bildet har Nils sett buret opp på to krakkar.Det er ikkje føter på det.

Vi vil nytte høvet til å gratulere søskenbarnet mitt i Stryn som fyller 68 år i dag.Håper mange heiser flagget til ære for dagen.I min barndom var også min fødselsdag flaggdag, eg er fødd på samme dato som kronprinsesse Mærtha.

5 kommentarer:

solveig sa...

Du veit kva eg brukar på taket? Gamle voksdukar ...

Besta sa...

Ja, eg veit det.Men no har Nils smurt på ei malingsblanding til å begynne med, så får vi sjå.

Torbjørg sa...

Ein kommentar til det du skreiv igår: Snøa det verkeleg på Rasmus sin konf.dag? Nils Georg og han var vel konfirmerte i lag, og eg hugsar at det var kaldt, og vi har bilde tekne på terrassen der vi alle ser frosne ut. Men snø? Torbjørg i nr 14

Besta sa...

Trur ikkje det snødde så det låg på marka akkurat, men det var vel heller litt kvitt i lufta......Hugsar ikkje all verda etter alle desse åra.

Torbjørg sa...

Konfirmanten hugsar det iallfall ikkje, eg har kryssforhøyrt han i dag. Det var elles ikkje mykje han hugsa frå heile dagen, han var vel mest oppteken av pengane, tenkjer eg. Men snø i lufta kan det nok ha vore, ja!

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...