lørdag, mai 01, 2010

Apropos konfirmasjon.

Denne helga er det konfirmasjon mange stader i landet, og det er vel derfor han som steller med gamle bilde i Møre-Nytt har funne fram dette konfirmasjonsbildet frå 1947.
Eg fekk ein stuss då eg såg at alle jentene hadde bunad, truleg Sunnmørs-bunad.
Var det vanleg på den tida?
Eg vart konfirmert i Eid kyrkje i september 1954 og vi var det første kullet der alle hadde kvite kapper, dvs. alle jentene. Dei som var konfirmerte året før hadde side, kvite kjolar, nesten som brudekjolar, men utan slør. Vi såg det som ei stor lette å få kapper, for no slapp foreldra å koste på oss meir enn ein kjole, den vi kalla an-dags-kjolen (2.dags-kjolen), og vi slapp at folk sat i kyrkja og vurderte konfirmantkjolane.
Bunad var det ingen som hadde, så vidt eg kan hugse. Det var ikkje så veldig mange i det heile tatt som brukte det.Derfor vart eg forundra då eg såg dette bildet frå Ørsta.
Dette er konfirmantane i Eid kyrkje 1954. Presten, Kristoffer Dale, døydde seinare same hausten.Den yngste av dei tre sønene hans er mellom konfirmantane.

3 kommentarer:

solveig sa...

Her stiller "alle" i bunad 14 dager før på "spørjesøndag". Ein del låner nok av slekt/vener. Gutane har dress. Viss ikkje dei hadde hatt kapper, hadde nok folk blit sittande å studere antrekka, ja ...

Besta sa...

No brukar visst konfirmantane bunader over heile landet, men kva tid vart det vanlig? Frå min barndom og ungdom hugsar eg knapt at nokon hadde bunad-anna enn relativt små born, og i alle fall ikkje konfirmantar. Ingen av veninnene mine hadde bunad så vidt eg hugsar.

Boho City sa...

Hei!

Du aner ikke hvor glad jeg er for at du skrev akkurat dette innlegget, selv om jeg ser at det er et par år gammelt. Mitt navn er nemlig Ida Dale, og presten på det nederste bildet er min farfar! Siden jeg mistet faren min til samme sykdom da jeg var 11 år gammel vet jeg ikke så mye om familien på den siden, så jeg begynte plutselig å søke litt på nettet, og fant dette. Jeg har aldri sett bilde av farfar før, men det er ingen tvil om at det er ham; han er prikk lik min onkel Inge Dale, som også var en av konfirmantene her! Så jeg ville bare si tusen takk for at du la ut dette bildet!

Ida

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...