Eg ser på bloggen at Solveigs rabarbra spirer, så det er kanskje på sin plass med ei lettvint oppskrift på rabarbrakake? Eg har fått oppskrifta med ei veninne, så eg kallar kaka opp etter henne. Det er godt med krem, vaniljekrem, is eller vaniljesaus til. Ein gong tok eg feil kake i frysaren og hadde sjokoladeglasur på, det vil eg ikkje anbefale!
Eg er ikkje så glad i å bake, derfor er eg alltid på jakt etter kaker det går fort å smelle i hop.
Rør lett og luftig:
125 gram margarin
125 gram sukker
2,5 ts vaniljesukker
1 knivspiss salt
Ha i 3 egg, eitt om gongen, rør godt mellom kvart.
Så har du i:
200 gram kveitemjøl
2 ts bakepulver
3 ss kremfløte
Til slutt blandar du forsiktig inn 700 gram rabarbra som du har reinska og skore i bitar.
Ha deigen i ei form-26 cm, dryss med perlesukker og steik kaka på nedste rille i 45-50 minutt -på175grader C.
NB: Eg oppdaga at vanilesukkeret eg hadde i skuffa faktisk er EKTE.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Eg kan skrive under på at den kaka er god! Spørs om eg får 700 g i avlinga i år .. hint, hint ...
Krem til? med vaniljesukker i? Synest å hugse at det vaniljesukkeret du har der, er meir finmale enn Cemo sitt?
Vaniljesukkeret er heilt finmele-men grått, ikkje kvitt. W. hadde samme sorten, det var DER eg oppdaga at det var ekte, og billegare enn Cemo sitt. No kan det jo hende at dei har mele heile stengene ned i, så Cemo sitt er nok betre, men dei var lens sist eg spurde etter. Brukar det i fyllet til gulrotkaka.
Eg held ein knapp på Cemo sitt. No trur eg dei har det i Ulsteinvik! Etter mykje mas ...
Legg inn en kommentar