onsdag, april 21, 2010

Turen heim.

I bilen over Hemsedalsfjellet i dag ca klokka 14. Nydelig ver, tørr asfalt, men minusgrader.

I Lærdal var våronna i full gang då vi reiste nedover, og skogen hadde begynt å grønkast.Det var om lag det same i dag, for det er kaldt over alt. Det er mykje fin veg mellom Lærdal og Borlaug no, men ein del dårlige vegstrekningar står att. Dei arbeider no med vegen nedanfor den nedste tunnelen, det blir flott. Og snart reiser ein gratis gjennom Fjærland også, så då blir det vel fleire som tek denne ruta austover.For dei som er interesserte kan eg nemne at det kosta oss ca 200 kr i ekstra ferjepengar å ha med tilhengar. Begge vegar. Vi har då kort på alle ferjer.
Ferja Fodnes-Mannheller.
I dag køyrde vi rett om bord i alle tre ferjene, utan at vi såg i ferjerutene. Dei går relativt ofte.Vi åt litt niste på dekk, så fekk vi strekke på beina på samme tid.
Det skjedde ikkje så mykje spennande på reisa, og det er vel det beste. Hovudsaka er å komme heile heim, men det er kjekt å sjå seg om i slikt fint ver som vi hadde i dag. Vi helsar til Kongsberg og takkar for fine dagar.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Kjekt å sjå fine bilete av Hemsedalsfjellet. Vi reiser der i morgon til Larvik. Håper på like fint ver.

Besta sa...

God tur i alle fall. Der var kuldegrader på fjellet, men tørt på vegen.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...