tirsdag, april 20, 2010

Siste dagen på Kongsberg for denne gong.

Veret i dag, så langt, er om lag som i går. Det er lettskya med sol innimellom, men det er kjølig.
I går var Nils og eg ein tur inn til byen og handla litt. Det vart både mallwalking og gatevandring, men eg heldt ikkje ut så lenge. Til middag hadde vi to rettar: spekesild (Carlo-verdens beste) og risengrynsgraut. I dag skal Rasmus vere kokk, så då skal det skal det visst bli ein slags wok. Vi lever godt her, men i morgon blir det heimreise.Det er ikkje særlig freistrande når eg ser kva ver de har. Men blir vi lenger blir det vanskelig å reise frå vesle-guten. Han er berre så fin! - men eg trur ikkje han får brune auge slik som brørne har.

1 kommentar:

solveig sa...

Spesielt Olaug og eg har veldig lyst til å sjå Ingar. Artig om han arvar mora sine auge. Eg har kome fram til at kvar tykkjer best om sine. Eg synest alle eg er mor, moster og faster til er spesielt fine. Eg ser noko i dei som eg ikkje ser i andre små ...

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...