søndag, september 27, 2015

Dagbok 2015: 27.september.


Klokka har passert 19.00, temperaturen ute er + 12 grader, det er overskya, men opplett.Ingen snø i fjella i dag.
Førre veka var eg oppteken med ymse ting, og heller ikkje heilt i form, så eg kom ikkje gjennom heile vekeprogrammet mitt. Altså var huset langt frå "strøkent" i dag, men eg prioriterte "kontorarbeidet" mitt. Eg skal nemleg lage eit songhefte til Eldredagen, då vi får besøk av ein mann som skal gjennomføre eit program om Jakob Sande.
Eg vart ferdig med skrivinga, og vi sette på fårikålen.
Då stoppa det ein liten grå bil på tunet-ein bil vi ikkje kjende. Det viste seg at det var bror min som var på farten, i lag med eldste dottera si og son hennar. Ho skulle levere bilen sin til reparasjon her i Ørsta, så dei måtte ha med ein ekstra bil. Dermed vart det øvingskøyring for sonen. (Det var hans bil).
Det er år og dag sidan Audny har vore her, men eg møter jo familien i diverse samanheng på Eid.
Det var SÅ kjekt å få besøk, sjølv om verken eg eller huset var særleg styla.
Vi drakk kaffi i lag, og eg var så heldig at junior, som er svært datakyndig, reparerte laptoppen, som var full av grums. Eg hadde jo ikkje tenkt å utnytte han så grovt, men han berre smilte og sa at slikt var han vant til.
Etter kvart var fårikålen ferdig, og den smakte godt. Vi åt opp kvart eit grann, sjølv om det vart eit lite kompromiss til slutt. Vi kallar det kompromiss når vi deler siste resten og et litt meir enn vi eigentleg føler for. På den måten slepp vi å ha restar.
Etter middag sette Nils på TV-det var visst sykkelløp, så då la eg meg på daybed-en med lydbok.Det har blitt lite lesing i det siste.
Det mørknar tidlegare for kvar dag-det går mot haust og vinter anten vi likar det eller ikkje.

2 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt med datakundige ungdomar! Og kjekt når dei er så hjelpsame!
Håper du fann ein plass til dei oransje plantane. Eg såg at rosa hadde vore finare ...

Besta sa...

Eg har veldig mykje rosa, så orange var fint no-litt sterkare fargar i haustmørket. Plantane står i vinduet over varmepumpa, og eg tok bilde der, men du veit (Og eg veit) korleis det kan slå ut når ein tek bilde mot vindu.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...