onsdag, juli 21, 2010

Vermelding 21.juli 2010

Klokka er 12.00.Temperaturen er +19 grader C og det er skikkelig vått ute.
Nils atteletar på graset som ikkje er mulig å klippe slik det er no.Skjærsminbuska på bildet skulle ha blomstra for ein mnd. sidan; som det meste anna i hagen er den 4-5 veker forsinka i høve til normalen.Mens rosene på Kongsberg heldt på å blomstre av, er ikkje våre roser komne skikkelig i gang. Det som trivst best og veks som aldri før er vassarven.Alt dette hadde for så vidt vore greitt viss ikkje kroppen reagerte slik han gjer.Mens vi var på tur kunne eg både sitte og gå, men no verker heile kroppen så eg knapt orkar noko.Lyspunktet er at fredag kjem fineveret! Og då er det også at Hundedagane går inn, så veret skal vare!
Margrete & Co var komne til Siljan i går kveld, ikkje langt frå Mora, og dei hadde det bra.
Nils brukte mykje av gårsdagen til å vaske båten som står i garasjen for tida-det blir vel ikkje lenge før han skal utpå og fiske igjen. Eg prøver å få gjort litt i huset, men eg er ikkje ute av feriemodusen enno ser det ut til.

4 kommentarer:

solveig sa...

Ugraset treng berre + 6 grader, så det har vi rikeleg av. Heldigvis skal vi snart passe x antal kaninar (3 vaksne +born) i tillegg til våre eigne to.
Eg fann ei trøyst i dag då eg køyrde forbi to syklistar med full oppakning, sikkert teltarar.

Besta sa...

Trøst? Dokke har no opplevd sol og sommar i motsetnad til dei fleste andre på bloggen.

Hildegard sa...

Du burde nok hatt helsereise eit par gongar i året i Syden. Trur det går direktefly frå Ålesund til Kreta. Vi har "gjett oss over", skal til Biri helga den 6.aug + nokre dagar rundt om kring der nede, og så blir det England 8. sept.

Besta sa...

Det går i alle fall direktefly til Kypros, dit har vi reist ein gong, det var ei veke etter 9-11.Altså i 2001.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...