torsdag, juli 22, 2010

Vermelding 22.juli 2010



Klokka er 13.45,og temperaturen ca 12 grader C. I dag har veret skifta frå regn til regnbyger og vind, men innan kvelden skal sola skine frå skyfri himmel, om ein skal tru på yr.no.
Nils går og ventar på at det skal bli såpass tørt at han kan køyre plenklippar;  i mellomtida styrer han med diverse ute, og i garasjen. Eg har støvsuga og pussa kopar og messing før middag. Så oppdaga vi at telefonen ikkje virka, så no har vi vore og kjøpt ein ny. Dei er billegare å kjøpe enn å reparere.Så spørs det om vi får den til å virke.
Fekk melding frå Margrete i går kveld, då hadde dei vore i bjørneparken i Orsa.(Orsa ligg ved Siljan, ikkje altfor langt frå Mora. Vi har kjørt forbi mange gonger, men aldri stoppa).
Nils lagar ertersuppe. Han har kokt kjøt og erter i frysaren, så det er berre å tilsette grønsaker. Dette er ein rett som han har monopol på å lage her i huset.


2 kommentarer:

solveig sa...

Skal ein tru på klestørk ute no altså? Tørketrommelen har fått gått i eitt her, men sengetøyet skal ut!

Besta sa...

Eg hengde ut ein klesvask på stativet i går, men det står under tak. Sengetøy vaskar eg berre i finever. Men så er vi berre to........Det blæs kraftig ute no også.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...