fredag, juli 23, 2010

Vermelding 23.juli 2010

Klokka er snart 13.00, temperaturen er + 18 grader C og det er knapt ei sky på himmelen.Det er eit kjølig drag i lufta til tross for fineveret, og no begynner det så smått å blåse. Det er vel "utrønå" som vi seier her i Ørsta. Det var stilt på sjøen i dag tidlig, så Nils og Hassan planla fisketur, klokka 9.00 denne gongen. Nils kom heim med eit par fine seiar og ein god del mindre.Det blir vel fersk småsei i dag, vi begynner så smått å få abstinens etter så lang tid utan.
Eg kom meg ikkje ut før klokka var nærmare 12.00; sidan det var så kjølig fann eg ut at eg kunne ta fredagsvasken først. Kan ikkje vere så mykje ute i hagen, for der er så mykje ugras at det er altfor fristande å bøye seg ned og luke. Det KAN eg berre ikkje.Har lagt ein halvtimes tid på altanen med seriemordboka mi -Hjerterått av Chelsea Cain. Topp krim. Ikkje sant, Solveig?
Margrete m/ fam er i Skara i Sverige, skulle vere der eit par dagar.Fekk sms i går kveld.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det er krim itoppklasse ja. Eg har berre lese den første, men denne skulle eg gjerne hatt kloa i. Vi solar oss på altanen.

Besta sa...

Eg har også lese den første, men det er tydeligvis ei bok i mellom den og den eg les no. Kjekkast å lese alle i rette rekkefølge, for no får eg i tilbakeblikk vite mykje av det som skjedde i nr.2.Du finn nok ut av det.

Besta sa...

Eg har googla og funne ut at der er ei bok mellom desse to eg har lese. Den heiter Hjerterdame.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...