søndag, juli 25, 2010

Vermelding 25.juli 2010

Klokka er 12.00. Sola skin frå nesten skyfri himmel og temperaturen er
ca +20 grader C.
Det er ein nydelig sommardag og vi har nettopp gått ei lita runde og sett på hus og hagar. Så har eg gått tur i eigen hage og tatt bilde, eit par av dei ser de her. Øvst er eit bilde av busken som eg kallar "Jonsokbrura"-i år er ho sterkt forseinka. Det er ein skjærsminbusk med enkle blomster som luktar nydelig - som jordbær og honning. Dessverre må vi skjere den kraftig ned til hausten, så neste år får vi nok ikkje blomster på den.
Under ser de bilde av yndlingsblomsten min, den himmelblå riddersporen. Har kjøpt ein kongeblå i år, men den er enno liten og puslete. Han kjem seg nok.Peonen er berre nokre få blomster att på, den blomstra mens vi var vekke.
Dette er ein slik dag som eg kallar "bonusdag"-det har ikkje vore for mange slike i sommar, så det er berre å nyte sola før ho forsvinn igjen.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ja, fint i går, var ute heile dagen. Storhelg for Malakoff-festivalen. Vi har hatt gratis "musikk" i to kveldar i hagen. De har mykje fint i hagen dykkar, får håpe på ein lang ettersommar slik at ein kan ha glede av forsinka bløming.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...