søndag, juli 11, 2010

Vermelding 11.juli 2010

Klokka er snart 13.00. Ute er det lettskya og sol, temperaturen er + 30 grader på baksida av huset.
Dessverre trur eg det er fare for at det kjem både skyer og regn. Vi er framleis heime, men ser ikkje bort frå at vi rømmer austover om veret blir slik som det er spådd på yr.no.
Når vi sit ute på altanen ser vi nedover på alle dei store trea som folk har i hagane sine, og som kanskje skygger for sola, så naboen sit i skuggen. I går kveld gikk eg tur i lag med ei som bur litt lenger nede, og ho var sjokka over skogveksten på øvre Vallabøen. Vi var samde om at viss folk ville ha så mange store tre i hagane sine, kunne dei flytte opp i skogen rett ovafor her. Sei meg, det finst vel ei lov som seier KOR høge tre ein kan ha i ein hage? Eg vil presisere at naboane våre ikkje har tre som skygger for oss eller sjenerer oss på annan måte. Men andre i gata har problem! Vi kunne forresten tenkt oss og sett ned på fjorden!
Ein av naboane våre var plaga med at det var skugge i hagen hans. Då bad han naboen på kaffi akkurat då skuggen var på det verste. Det hjelpte. Sol er sunt og vi har ikkje for mykje på våre kantar!

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Trasige greier. Kan det vere ein ide å snakke med kommunen?
Her i vår kommune har vi eit firma som heiter Skogryddaren. Dei tek slike oppdrag med å felle store tre i tettbygd strøk. Kanskje det er kostnadane med å fjerne trea som er årsak til at det ikkje blir gjort?

Besta sa...

Ja, vi snakka faktisk om det i dag. Her er ein del tre på kommunal grunn også som skulle ha vore fjerna.Eg synest det er rart at folk vil ha trea ståande når dei veit dei er til sjenanse for naboane.Trur IKKJE det er kostnadane som er årsaka, for ikkje alle trea er umulig å fjerne sjølv

Mariann sa...

no må du ikkje terge på deg meteorologane Olaug! Du veit vel kva dei seier "vi spår ikkje vêret, vi varslar". Så det! Fin blogg forresten!

Besta sa...

Ja, det er eit dumt uttrykk -å spå veret altså.Får dei til å høyrest ut som spåkjerringar.Men det finst også dei som spår veret, og dei er ikkje meteorologar.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...