onsdag, juli 14, 2010

Kongsberg her.

Vi måtte reise langt og lenger enn langt i går før vi fann betre ver enn i Ørsta. I Skjåk og nedover høljregna det, så vi fekk verkelig prøvd ut sensoren på vindusviskarane på Colten.Først då vi kom til Otta vart det opplett, men ikkje før vi var i Lillehammer var det litt varme i lufta.Hadde tenkt å gi oss til der, men hotella var både fulle og dyre, så vi kjørte ned til Biri og tok inn på ei vegkro, der dei m.a. hadde pizza, så då var vi redda.
I dag kjørte vi Gjøvik-Hønefoss-Kongsberg og var framme i 2-3 tida. Her var det varmt og godt, men ikkje så veldig mykje sol- like godt kanskje, så vart ikkje overgangen så stor og vi kunne sitt ute med hyggje. Ja, dei som veit KOR varmt her kan vere forstår kva eg meiner.Her er ca 23 grader no. Gutane er like kjekke som dei plar vere og leikar fint med diverse nabogutar som vil vere med på piratskuta.Eg trilla ein bitte liten tur med Ingar, men måtte snu heim på grunn av hunger. Ikkje min, men hans!
Eivind poserer villig når eg vil ta bilde.Verre er det med Vebjørn, men når han får demonstrere kor sterk han er får eg lov å ta bilde.

Og vesle Ingar er berre så skjønn.

3 kommentarer:

solveig sa...

I dag er her passeleg varmt med 25 grader. Det er lett å undervurdere solstrålane når det bles.

arieldog sa...

Ja, det vart fint etter kvart i dag. Og ein nydeleg solnedgang. Håper de hugsa å feire ti års bryllaupsdag...

Besta sa...

Ja, vi feira med kaker til lunsj og jordbær og sjampanje til kvelds.I natt har det styrtregna, men det er meldt fint utpå dagen.