fredag, juli 30, 2010

Vermelding 30.juli 2010

Klokka er 13.30, temperaturen er + 16 grader C og skodda ligg nesten heilt ned til husa.
I går morgon var det også skodde, men då letta det og vi fekk ein nydelig,varm sommardag. Det kjem ikkje til å skje i dag. Rett nok er det opphaldsver, men det regna sist natt.
Føremiddagen har gått med til diverse huslige syslar, utan at det syner så mykje att. No må eg finne på ein rett av seien i kjøleskapet, begynner å gå tom for sei-idéar, men det blir vel eit kvart.
fekk nettopp melding frå Margrete, då var dei komne til Bismo.
Nils styrer med noko i garasjen, held ikkje rede på aktivitetane hans heile tida, men eg tippar det har med fisking å gjere.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det ser ut som det vert grått her i neste veke. Lite behov for vatning. Meldingane for Oslo er betre.

Besta sa...

Ja, vi har vel fått det vi skal ha av sommar? Håper det blir fint ver på Ekebergsletta! Olaug skriv at dei skal reise med buss, men eg reknar med at du og Øystein køyrer. Margrete &Co er komne heim.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...