onsdag, juli 28, 2010

Vermelding 28..juli 2010

 
Klokka er 13.30. Temperaturen er + 23 graderC, det er skya, men litt sol av og til.
I dag var vi på ei lita handlerunde, har knapt vore ute av tunet sidan vi kom heim frå tur, så eg hadde tilnærma abstinens. Vi kjøpte stort sett berre mat, så det var ikkje så spennande. No har vi hatt not på bærtrea, ripsen begynner å bli raud, så det nærmar seg det normale for årstida.
Fekk melding frå Rasmus, då var alle på Nordby kjøpesenter og shoppa, med unntak av dei fire minste som var i Jungelland. Rasmus er vel heime i løpet av dagen, kor lang tid dei andre brukar på heimturen veit eg ikkje. Viss dei har svenskekjøt i bagasjen kan dei no ikkje gi seg til så lenge.
Posted by Picasa

3 kommentarer:

Olaug sa...

Legg inn rett adresse på blogglista di ;-) :
www.ho-olaug.blogspot.com

solveig sa...

Vi har også shoppa i dag etter å ha sola oss og kosa oss i hagen.

Besta sa...

Har ikkje vore mykje sol her i dag. Ikkje før var skodda borte, så kom det ny.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...