tirsdag, juli 27, 2010

Vermelding 27.juli 2010

Klokka er13.30. Temperaturen er + 23 grader C, og no har vi fått litt vind, slik det er vanlig på varme dagar. I går skein det ikkje opp, men i dag vakna vi til sol frå nesten klar himmel. Så får vi sjå kor lenge DET varer.
Nils har vore i gravferd til ein tidlegare arbeidskamerat f.m.
Eg shina opp kjøkkenet skikkelig, før eg gikk ut og begynte på ugraset. Med litt hjelp frå Nils er no det såkalla "garasjebeddet" presentabelt. Men særlig fint beplanta er det ikkje. Våren kom rimelig seint i år, for å seie det forsiktig.
Vi har eit prosjekt på gang: Vi flyttar store, høge stauder frå bedda og nedpå murkanten nedst i hagen. På den måten reknar vi med å få ein fin "hekk" som veks opp om sommaren og visnar ned om vinteren. Heilt ideelt om det blir fleire snøvintrar.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

De hadde vel noko godt å feire bryll.dagen med? Hilde m/mann og dei to yngste kom vel fram til Kreta i går kveld. Same plassen som Stein var på tidl. i juni. Der er fint å vere for barnefam. og pensjonistar, seier han...Mykje trafikk på Os sommars dag, så det er sikkert godt å kome vekk og få litt sol på kroppen. Ole jobbar og Hans er reist etter feriepermen.

Besta sa...

Ja, hadde ein visst korleis sommaren vart på førehand, var det nok fleire som hadde trekt mot sør.Ikkje verst for oss pensjoane, for vi kan no feriere når vi vil.Rasmus er komen heim no. Margrete er på Lillehammer, Solveig, Øystein og Olaug reiser til Norway cup i helga.No kjem smertelegen min frå ferie, så i morgon skal eg ringe og bestille time.Har lyst å vere litt i form når Rasmus og fam.kjem.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...