fredag, juli 09, 2010

Frå Fremmerholen til Starevegen.


Klokka er no 16.20, ute er det lettskya og opphaldsver.Temperaturen er + 21 grader C.
I dag har vi vore til Spjelkavika og henta den nye bilen. Marit U køyrde oss på bussen, Timeekspressen, som går frå Volda kvar heile time. Vi reiste 10.08 herifrå. Bilseljaren henta oss på Moa. Etter litt instruksjon, sette vi oss inn i bilen og kjørte til Moa der vi kika litt i butikkar før vi åt pizza på Dolly Dimple. Ja, det vart ein kaffikopp også. Skal det feirast, så må det vere skikkelig!
No høyrer eg at naboane stimlar saman på tunet, så eg må ut og prate med dei. Måtte neste le då vi kom heim- bilen er jo nesten akkurat samme fargen som huset.Craneberry red heiter fargen, og eg har sjekka at craneberry er tranebær.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med ny bil!

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med ny bil! Stilig farge som passar til huset!

solveig sa...

Gratulerer med ny bil. Ikkje så dumt med ein farge som viser att!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...