torsdag, september 22, 2016

Dagbok 2016: 22.september

Klokka er 18.00. Temperaturen er + 18 grader C, og det har vore delvis skya, med litt sol, i dag også, men det hadde regna sist natt. Vêret er det ikkje noko å seie på, det er fint haustvêr, og eg er glad så lenge vi kan ha det mildt og fint.
Nils har lege det meste av dagen i dag også, men no har han kome seg fram or senga, dusja og fått på seg reine klede. Han har ete litt også-2 grillpølser til denne tid. Han plar kvikne til litt om kvelden. I går la han seg tidleg, med då måtte eg inn med yoghurt-bytta hans etter han hadde lagt seg-då var han brått svolten. Av og til står han opp og et om natta også. Han har litt av ein jobb med å få i seg mat.
No har han tatt eit par Paracet, og då kvikna han til. Dei tablettane kan han ta-det har eg sjekka ut med legen. Eg er no i stillinga sjukepleiar og personleg assistent. Ikkje at eg har noko imot den stillinga, men eg håper pasienten frisknar til snart.
I morgon skal han ned og ta blodprøver. Det er eit stort aber at eg ikkje køyrer bil, til tross for at eg har gyldig sertifikat. Ragna Riise fekk behalde sertifikatet sitt og ho er 89 år gammal no.
I dag, etter at eg var ferdig med morgonstellet, og Nils ville bli liggande, tenkte eg at eg like godt kunne ta og vaske ned kjøkkenet. Det gjorde eg, men heilt ferdig vart eg ikkje, for eg greier ikkje å ta fram kjøleskapet åleine. Eg får utnytte eitt av dei sterke barnebarna ein gong dei er på besøk. Elles så hadde eg vaska skuffer og skap før, så det var berre tak og vegger eg måtte ta-ikkje var her skite heller. Eg var ferdig til klokka 13.
Marit G. og eg var på Amfi og handla. Vi skulle begge på apoteket og på Coop, så det passa bra. Ho skulle nedover uansett. Det er som eg før har sagt inga sak når ein har gode naboar. Men eg håper Nils blir betre før dei blir lei av maset vårt. Eg har eit bra matlager i hus, og ikkje minkar det noko særleg heller, så ingen må attelete på at vi svelt.
Eg veit at mange lurer på korleis det går med Nils, derfor skriv eg om det her, for dei fleste som er interesserte les bloggen .
I dag har eg jobba med eit lite dataproblem også. Fekk ei plate med eit program frå Rasmus. Fekk lagt innhaldet inn på maskina, men så ville den ikkje godta produktnøkkelen som Rasmus hadde sendt med. Eg er ikkje noko datageni akkurat så eg får problem med det meste.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...