Klokka er 20.15, temperaturen er + 16,6 grader C og no regnar det ute. Så no er eg sanneleg glad for at eg gjekk ut seint på ettermiddagen og klipte dei to resterande plenbitane. Skulle slå f.m. men då var det for vått i graset. No er det meldt meir regn framover, så då lyt eg finne meg innearbeid.Eg har mange jobbar på vent, men likar best å vere ute.
Nils har vore litt betre i dag, men er framleis slapp og uvel. Eg forstår meg ikkje heilt på det, men mandag får vi snakke med legen-kanskje ho kan forklare stoda. Han har i alle fall fått i seg litt mat i dag, og berre det er jo ein liten framgang.
Føremiddagen i dag sosa eg vekk mykje av. Prata med naboane, vi har eit lite treff ved postkassene, så las eg ut boka mi. Nils var oppe ei lita stund, men la seg inn på senga mens eg støvsuga alle teppegolva.
I dag ville Nils ha speilegg og då åt eg også det. Det var "middagen" i dag. Vi slappa av i kvar sin recliner før eg gjekk ut og hadde potetene i bingen og klipte gras. Begge deler er slikt som Nils brukar å gjere, så eg får instruksjonar. Eg har lært mykje siste halvåret.
Og slik gjekk den dagen.
No prøver Nils å sjå fotballkamp. Akkurat det interesserer meg ikkje mykje.
Begynte på ei ny bok i dag, men eg har problem med å konsentrere meg, så det blir mykje tilbakespoling. Det hadde sikkert vere betre med papirbøker på den måten.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:3.september
Kjempesøte svartsurbær Klokka er no17.15, temperaturen ute er+16 graderC, og sola skin. Ho kjem ikkje her før det lid nokså langt på dag, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar