fredag, september 16, 2016

Dagbok 2016: 16.september.

Klokka er ca 20.00. Temperaturen er +19 grader C og det kjennest kaldt etter at vi har hatt +27 grader det meste av dagen.
Nils, Håkon og Birte kom nettopp att. Dei reiste herifrå ca kl.16.00 og skulle ut på Rjåneset for å fiske. Nils lova meg at han berre skulle lære dei opp, men så vart han med utpå. Det er heilt greitt viss han ikkje får "tilbakefall"-men i så fall får han ta det på si eiga kappe. Eg hadde ikkje fått handla inn og hadde ikkje planlagt at dei skulle vere vekke så lenge. Hadde eg vore det, hadde eg laga kveldsmat til dei kom heim att. I staden vart eg gåande berre å vente-mens eg las lydbok. Eg føler at eg har vore litt sløv, men får ta det att ein annan gong. Dei fiska berre makrell.
Viss Nils er i like bra form i morgon, må vi ta oss ein skikkeleg handletur, såpass vi har mat i hus.
Før middag i dag vaska eg fredagsvask, men trong ikkje å støvsuge sidan det var gjort før i veka.
Etterpå prøvde eg meg på litt hagearbeid, men det vart rett og slett for varmt. LITT fekk eg no gjort.
Med andre ord har det ikkje skjedd så mykje her i dag, men dei som var på sjøen fekk ein fin tur. Stort finare enn i kveld er det sjeldan, men no ser eg at det kjem svarte skyer og skodde inn fjorden.
I dag fyller kusina mi 78 år, og eg har snakka med henne i telefonen. Eg har no fleire kusiner, men Ellen Marie er den eg har mest kontakt med.
No lyt eg sjå om det går an å trylle fram litt mat. Eg er blitt så vant til at Nils seier kva vi skal ha, kva han har lyst på, kva eg skal lage. Det er vel det som har gjort meg så tiltakslaus. No ventar eg på at han skal få lyst på fårikål, så vi kan lage det. Det blir som regel berre ein gong for året, for den fårikålen brukar å vare nokre dagar

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...