søndag, oktober 08, 2023

Dagbok 2023:8.oktober


 Klokka er no16.07, temperaturen ute er + 6 grader, men "temperaturen stiger" står det på skjermen min. ja, det er no vona, for dette er ikkje så kjekt, meir snø i fjella og regn så det monar. Eg likar det ikkje.

I dag hadde eg veden klar så eg fekk  fyre i omnen med det samme eg var oppe i tillegg til å ha el-omnen på fullt- så det vart fort varmt og godt, og det er no ei lita trøst i dette veret. Det er sjølvsagt mykje ein kan styre med inne om det er aldri så vått ute, men når veret er slik blir det til at eg sit framfor TV-en og strikkar. Lestar!

Men då klokka hadde passert 12.30 tok eg på meg regnklede og gjekk ut og opp på Vernet. Eg trefte to damer på om lag samme alder som eg, og som eg kjende, men det var ikkje så mange der oppe i dag som det plar vere sundag føremiddag.

Eg gledde meg til middagen i dag, for eg skulle ha det beste eg veit, spekesild.

Kvar gong eg et spekesild tenkjer eg på mamma. Ho var også glad i det, og då ho var gammal, slik eg er no, var det nesten berre det ho hadde lyst på.

Men heilt frå eg var ganske lita(ung) var eg også glad i spekesild. Eg hugsar at vi måtte rense den sjølve då, og mamma var flink til det; det var no ho som måtte gjere det, og eg stod spent og såg på om der var ister i silda, for då fekk eg den. For dei som ikkje veit det kan eg fortelje at ister er ein slags fett-tråd som ligg langs beinet i silda.

No kjøper eg silda ferdig renska og eg kjøper den som er krydra, så lagar eg kålstuing og kokar poteter til. Og attåt har eg sylta raudbetar og tyttebærsylte. Det siste er noko nytt som e venninne fann på-men det er skikkeleg godt. Eg har sikkert skive om dette før. kanskje eg håper på å omvende dei som ikkje trur -til å like sild.

Ettermiddagen var eg ikkje i stand til noko anna enn å sette meg i godstolen og sjå TV-enda ein krig, enda fleire som vert drepne, eller heimlause . Kva i all verda skal det vere godt for. Forstår dei ikkje at krig er øydeleggande og berre det. Ingenting blir betre av krig! Er det ikkje nok med flaumar, jordskjelv og andre ulykker om ein ikkje skal starte ein krig i tillegg. Det er nok vondt i verda no.

Marit har vore på hytta i helga, men kjem att i kveld. Trasig for skuleborna som har fri denne veka viss ikkje veret betrar seg.

No skal eg ha meg ein kaffikopp og så skal eg strikke litt igjen. Og håpe på betre ver. Eg har mykje som skulle ha vore gjort ute i hagen før vinteren kjem

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...