mandag, oktober 09, 2023

Dagbok 2023: 9.0ktober

 




Klokka er no18.43, og det er åt og skymest ute, snart må vi legge frå oss sommartida- og då blir det mørkt enda tidlegare på kvelden.

No er det + 5 grader ute og det har vel regna litt i dag også, eg har ikkje vore så mykje ute, får ikkje styrt med noko i hagen så lenge det er så vått.

Eg sov veldig godt sist natt og eg trur det var fordi eg hadde på meg strikkalester. Eg brukar å ha det, for dei har forska på det og fann ut at dei som sov med ullester sovna fortare og sov betre enn dei som låg berrføtt. No har eg gått berrføtt heile sommaren -sjølvsagt om natta også. Men i det siste har eg ikkje sove så godt, før no.

Eg var lens for sovetablettar, så det første eg gjorde i dag var å fare ned på Apoteket, kjøpte litt anna også- men ikkje mykje. Då eg kom heim gjekk eg ein runde på Vernet. Elles har eg gjort lite og ingenting fornuftig i dag. Eg strikkar på eit lestepar, det gjer eg nesten alltid, men eg er snart lens for garn. Til middag i dag kokte eg berre graut, kan no ikkje ha noko veldig godt kvar dag. Elles har eg løyst sudokuar og øvd på spansklleksa- Her har ikkje vore nokon i dag, man eg snakka med ei venninne på telefonen.

I morgon kjem Solveig innover ein tur, og då skal vi ein tur til Volda og kjøpe garn. Der er det mykje betre utval enn her.

Eg har litt problem med å legge bilde inn på PC-en -eg får det no til på ein måte, men til slutt har eg kopiert bilda så der er mange av kvar sort -og det er ikkje meininga.Eg finn vel ut av med med eller utan hjelp.

Det er ikkje så kaldt no lenger som det har vore siste dagane, så i dag har eg ikkje fyrt i omnen, men brukt elektrisk varme. Ventar på varmepumpa !!!!!!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...