lørdag, oktober 07, 2023

Dagbok 2023: 7.oktober


Klokka er no 16.13, temperaturen ute er +6 grader , og det vekslar mellom regnbyer og litt sol-

.Vart litt forundra då eg såg ut i dag tidleg, då låg det ny kvit snø langt nedetter fjellsidene- Eg synest det er for tidleg.

Eg hadde ikkje så mange planar for dagen, men eg ville i alle fall fyre godt opp i omnen. Eg henta ein stor plastpose full av ved, og då eg hadde kveikt opp henta eg ein pose til for å ha i morgon. men no har eg snart brent opp alt, så eg må hente dmeir. Best å gjere det mens det er lyst. Der er ikkje lys i tilbygget, men eg skal spørje Helge om det er mykje styr å legge der opp litt elektrisk lys. Eg må gå i gummistøvlar når eg skal ned der, for plenen er søkkfull med vatn.

Etter kvart fekk eg summa meg slik at eg fekk gått den turen på Vernet, og det gjekk no bra for det var opplett heile tida. Så var eg ein tur på KIWI og kjøpte matvarer. Det var lirtt for dagen , men mest til lageret.Det er greitt å ha litt mat i hus uansett.I dag sjekka eg bilnummeret før eg sette meg inn i bilen.

Eg laga middag til meg sjølv og etter at eg hadde ete vart eg sittande å lese i "Klassekampen". Der var mykje interessant stoff, men eg har no ikkje tid og kapasitet til å lese ei tjukk avis kvar dag, så eg blir ikkje abbonent etter at prøvetida er omme. det som plagar meg litt no er alt som eg ikkje får gjort verken ute eller inne. Det er mykje å gjere ute før vinteren kjem, det som er inne kunne eg ha gjort, men då set eg meg heller til å strikke og sjå TV. Det får eg skulde på meg sjølv.


Akkurat no skal eg hente inn ved til morgondagen, litt trasig å ikkje ha varmepumpa slik at ein har ein grunntemperatur når ein står opp. Eg er så forsiktig med å ha lause omnar ståande på om natta, men det er sikkert ikkje så farleg det heller.

Så skal eg finne meg noko garn som eg kan strikke lestar av, det gjer vel ikkje noko at dei blir to-farga? 

Solveig vil komme innover ut i veka, så det ser eg fram til. Einar var her i går.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...