fredag, oktober 06, 2023

Dagbok 2023: 6.oktober

 Klokka er no21,52, temperaturen ute er +6 grader C, og det regnar, Stort verre kan det ikkje vere med vêret på denne tida av året. Ein populer vermann her omkring spår ein våt oktober og fint ver i november, med litt snø.

I dag har eg vore heime og inne heile dagen, det var i grunnen heil greitt etter ei veke med mykje styr, men litt kjedelig også- Eg fekk i alle fall unna fredagsvasken og så støvsuga eg teppegolva. Eg er ikje heilt god i ryggen så eg må ta pauser innimellom, men det går bra. Så kveikte eg i omnen og fekk det varmt og godt.

Einar hadde sendt melding om at han km innom til kaffi før han skulle til Volda, så eg laga ei vaffelrøre, og Einar set pris på alt han får, så det var greitt.

Etter at eg vart åleine igjen skulle eg strikke litt, men eg har brukt opp mykje av garnet eg hadde, så eg må kjøpe meir,  eventuelt sette i gang eit anna prosjekt i staden for lestene.

Eg har mange aviser og bøker eg kan lese, men eg har ikkje roa til lesing lenger, og det eg les gløymer eg fort. Burde vel lese litt Jon Fosse no når han har fått Nobel-prisen. Eg har no lese nokre bøker av han før han fekk prisen- og det var ikkje alt eg forstod meg på.

Marit reiste på hytta i lag med "ungefolket"i dag , så eg er kattepassar i helga.I morgon er det laurdag igjen, eg trur ikkje det skal skje noko spesielt då, men eg kan no ta meg ein tur til Vik om eg vil, i dag har eg ikkje vore på Vernet-men halde meg inne der det var tørt og varmt.

Eg har mykje underhaldning både på TV og på datamaskina, så eg kjeder meg aldri, og så har eg spanskboka innan rekkevidde om eg lurer på noko. Komande veke har eg ikkje trening , men eg trur det blir spansk-kurs på onsdag.

Det er fredag i dag, og då vil eg sjølvsagt ønske alle ei god helg. Synd viss det blir så dårleg ver i ferien.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.oktober

  Klokka er no18.00, temperaturen på trappa er+10 grader." Mye regn" står det på PC-en no, og eg tvilar ikkje. Eg har ikkje vore u...