torsdag, oktober 05, 2023

Dagbok 2023: 5.oktober


Klokka er no 18.40 og temperaturen ute er + 9 grader, det har regna mykje i dag også , men akkurat no er det opplett.

Det har vore litt av ein dag, eg har knapt nok vore heime-i alle fall ikkje lenge. Først var eg på trening og handla på heimvegen. Eg gjekk tur på Vernet mens eg var kledd for å vere ute. 

Då eg kom heim laga eg ein liten grønnsaksalat så eg ikkje skulle vere altfor svolten når eg kom på møtet. Vi skulle fare klokka 14.30, så eg hadde no tid til å shine meg opp litt og byte klede. Eg sat ei stund med datamaskina, eg hadde sett fram høyre-apparata rett framfor nasen min for at eg ikkje skulle gløyme å ta dei med. Men så var klokka plutseleg så mykje at eg måtte skunde meg-og då gløymde eg høreapparata likevel.Eg hadde kanskje hatt nytte av dei i dag.

Eg skal ikkje skrive om heile møtet slik som eg gjorde før, men eg kan nemne at maten vi fekk var laga av skule-elevane på "kokkelinja"  -slik som i fjor .Det var smørbrød og kaker , men ikkje slike som vi er vande med heime. Men det var spennande å smake på alt.

Underhaldninga var ein mann frå Moldekanten eller frå NordMøre  eg er ikkje sikker på kvar. Han fortalde morsomme historier  (på dialekt) og alle som forstod kva han sa lo godt. Det var ca halvparten av dei som var der. Vi andre fekk ikkje le så mykje, for dei som  ikkje forstod dialekten så godt, var det vanskeleg. Og det var ikkje berre dialekten si skuld, men han snakka nokså slurvete. Men det eg forstod var veldig morsomt. Det var ein eldre mann.

Det har vore ei "travel" veke , med noko å gjere kvar dag, så no ser eg fram til "fredagsvask" heime i morgon. Og neste veke er det haustferie.

Den nye kvinnelege journalisten i Møre-Nytt var der, så det kjem vel ein reportasje i avisa.

Eg gløymde å fortelje at "Halkjelsvika  Spelemannslag" spelte både før møtet og etter at møtet hadde begynt. Karane som spelar der er ca på alder med meg, med unntak av ein som er ganske ung.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.oktober

  Klokka er no18.00, temperaturen på trappa er+10 grader." Mye regn" står det på PC-en no, og eg tvilar ikkje. Eg har ikkje vore u...