onsdag, oktober 04, 2023

Dagbok 2023: 4.oktober


 Klokka er no16.45, temperaturen ute er+ 10 grader C og det regnar og regnar med korte opphald mellom bygene. Det er ikkje snakk om å få gjort noko ute; skulle hatt nokre tørre dagar så eg hadde fått klipt plenen ein siste gong før vinteren. Vi får vente og sjå. Har hatt ein "prat" med Rasmus på Messenger i dag, om nye vinterdekk, eventuelt nye hjul på bilen min. Eg har køyrt med heilårsdekk eit heilt år no, så dei dekka er nok ikkje brukbare på vinterføre. Det vart gjort med fullt overlegg, så det er ikkje noko som eg har funne på åleine.

I dag var det oppstart på spansk-kurset , og eg var i tvil om eg skulle halde fram, det er ikkje alltid enkelt med dårleg hørsel t.d. I dag hadde eg høyreapparat på begge øyra, og det funka relativt bra. Tinnitusen var heller ikkje så galen. Så eg bestemte meg for å prøve.
På Bakk-Ola sit der alltid folk i inngangspartiet når vi kjem, og særleg ein mann som sit i rullestol har lyst å prate. I dag snakka eg litt med han og då kom det fram at han hadde vore sjømann heile sitt vaksne liv og vore over heile verda. Men så kom det som mange gjer, han begynte å snakke om kor forferdelig gammal han var no. "Kor gammal er du no då?" sa eg. "81 år," sa han, eg er 83 sa eg, og eg såg at han kvikna til. 

Eg kjem veldig ofte i prat med frammande folk, og eg synest det er interessant å bli kjent med folk eg ikkje kjenner frå før. Eg har hatt mange gode samtalar med folk eg eigentleg ikkje kjenner-på Fonnvernet mest.
Apropos ikkje kjenner, så var der ei ny dame på spanskkurset i dag, men slett ikkje alle dei "gamle" hadde møtt fram. Eg hadde no leita fram divrse permar , ark etc, men leseboka låg att heime så eg måtte dele bok med sidemannen.Eg gløymer eitt eller anna heile tida.
Det første Terje sa til meg i dag var:"Har du slutta å farge håret? " Ja, sa eg og han lyste opp, for han har kvitt hår han også-dei fleste eg kjenner har det no.
Då eg kom heim gjekk eg ein runde på Vernet før eg laga middag. 
Der var kjempemykje vatn i elvar og bekkar i dag. Eg tok nokre bilde , men eg har enno problem med å bearbeide bilda, så ikkje alle blir så gode.

                           I denne elva/bekken er det ikkje alltid vatn.

No er eg ferdig både med middagen og kaffien. Eg tok "Klassekampen" til kaffi, får tjukke avise kvar dag, og eg har aldri vore nokon avis-lesar. Har litt vanskeleg for å komme gjennom Møre-Nytt to gonger i veka. Men eg har faktisk greidd å kome gjennom nokre artiklar i Kampen, der er gode artiklar på godt nynorsk og dei likar eg å lese. Men når prøvetida er over skal eg ikkje ha abonnement. Eg trur ikkje det blir gjort noko skikkeleg arbeid i dag, men eg kan no strikke på lesten min mens eg ser nyheiter og anna. No er det nesten sol ute, men så kjem der vel ei byge etterpå. I morgon er det trening før middag, og pensjonistmøte etterpå, men heile neste veke er det haustferie. Treneren vår har born i barneskule-alder. Eg håper mine barn og barnebarn kjem på besøk av og til når dei har fri.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.oktober

  Klokka er no18.00, temperaturen på trappa er+10 grader." Mye regn" står det på PC-en no, og eg tvilar ikkje. Eg har ikkje vore u...