tirsdag, oktober 03, 2023

Dagbok 2023 -3.oktober


Klokka er no 17.50, og eg kom nettopp inn døra- Så lenge varte gravferda , den begynte klokka13.

I dag tidleg tok eg ein tur til Vik då dei opna på ALTI, eg ville bytte paraplyen som eg hadde kjøpt, og eg fekk ein ny. Eg syntest at eg måtte har ein paraply i tilfelle det regna når vi skulle ut på grava. Då eg kom heim gjekk eg ein tur på Vernet, der trefte er Anders, sonen til Oddrun ,og sambuaren. Dei møter eg veldig ofte.

Eg dusja og vaska håret og kledde meg om. Eg måtte opp til Marit for å få hjelp med å  feste smykket. Kleskoden i dag var veldig likt med det eg hadde på meg; svart bukse + litt fin overdel, eg hadde genseren min.

Det var masse folk i kyrkja,, og eg sat i lag med Astrid, Tone og Ragnhild. Dei ringde veldig lenge med klokkene, så lenge at eg vart heilt dårleg av tinnitus.Eg har hatt meir problem med tinnitus no i år, enn på mange år.

Og hørselen vart rimeleg skada. Eg forstod lite og ingenting av det som vart sagt. Dette har eg opplevd fleire gonger i kykja i Volda t.d.   Eg tok på meg høyreapparat men det hjelpte ikkje.

Det var Matias som var prest og han hadde på seg ein gammaldags prestekjole med kvit krage. Det var nokon som sa at han brukar det i gravferder. Han sa mykje, men eg forstod lite. 

Og så var det veldig mange kranspåleggingar , mange med tale. Og barna og barnebarna  fylte opp med tekstlesingar etc.  Det var voldsomnt.

Oddrun vart gravlagd på den gamle kyrkjegarden, og etter jordfestinga var vi bedne på minnesamver på TIC. Det er der som Føniks var før. Svigersonen til Oddrun er veldig rik (Vartdal plast) og han er medeigar eller noko slikt på Tic.

Eg sat i lag med dei andre lærarene , men der var to søstre som vi ikkje kjende. Eg kom i prat med ho som sat nærmast meg, og eg presenterte meg , og la til "Eg er mora til Margrete." " Og då er du X-svigermora hans Lars? Då viste det seg at dama vaks opp på Bjørneset, og flytta seinare til Straumshamn. Ho flytta så til Ulsteinvik , og der hadde Margrete og Lars budd i huset hennar til å begynne med. Mannen hennar var død no nyleg. Ho spurde etter Ingeborg og dei andre barna til Margrete. 

Det varte og det rakk. så fekk vi kjøttsuppe og brød til. Etter atter ei lang stund , fekk vi kaffi og bøtkake, men alt gjekk seint for vi var veldig mange ,heit fullt i kafeen og stappfullt i glashuset. Av og til song vi nokre songar og så var der nokre som fortalde historier. Sikkert kjekt for dei som høyrde.

Då det endeleg var slutt snakka eg med sambuaren til Anders, ho syntest også at det hadde tatt si tid. Men det var no ei fin gravferd eigentleg.

Eg skulle ha hatt sangheftet frå kyrkja, men Astrid og eg hadde eitt i lag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.oktober

  Klokka er no18.00, temperaturen på trappa er+10 grader." Mye regn" står det på PC-en no, og eg tvilar ikkje. Eg har ikkje vore u...